Høgsterett slår fast at staten gjorde feil då han tillèt å tømme gruvemassar i Førdefjorden.
Miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har vunne fram i Høgsterett.
Landets øvste domstol konkluderte i dag med at staten sitt ja til gruvedumping i Førdefjorden er ugyldig.
Dommen set eit juridisk punktum for den atten år lange striden, men gruvedumpinga stansar likevel ikkje med det same.
No går saka tilbake til departementet. Der må forvaltninga vurdere alt på nytt, og denne gongen følgje Høgsteretts tolking av regelverket.
– Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, sa Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap til NRK i fjor.
Han viste til Fosen-dommen som eit konkret eksempel på at det kan ta tid frå eit vedtak blir kjent ugyldig til det får reelle følgjer på bakken.